Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til justis- og beredskapsministeren

Om hvorvidt regjeringen vil foreslå lov- eller forskriftsendring som igjen kan føre til en praksisendring i saker som gjelder asylbarn

Datert: 20.02.2013
Svart på: 20.02.2013 av justis- og beredskapsminister Grete Faremo

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Sidan statssekretær Pål Lønseth av heilt naturlege grunnar ikkje kan stille i denne salen, går mitt spørsmål til justisministeren. Det gjeld altså asylbarna.
Me fekk jo ei stortingsmelding, «Barn på flukt», som skulle klargjere i kva grad barns beste skulle bli vektlagt mot innvandringsregulerande omsyn. I den meldinga var det altså ikkje varsla lov- eller forskriftsendringar. Sidan den gongen har vi hatt ein dom i Høgsterett. Det var eit betydeleg mindretal i Høgsterett, og det viser heilt klart at det juridiske grunnlaget ikkje er tydeleg her. Høgsterettsdommar Bårdsen sa det endåtil slik:
«Begrunnelsen i vedtaket skaper i hvert fall betydelig tvil knyttet til om hensynet til Fs beste har blitt behandlet som så grunnleggende som barnekonvensjonen artikkel 3 nr. 1 krever.»
Statsråd Faremo sa i Dagsrevyen 30. mai 2012:
«Vi skal tydeliggjøre praksis.»
Det blei også sagt at omsynet til barnet er grunnleggjande viktig, og skal bli vareteke.
Det vil altså seie at regjeringa seier dei ønsker ei praksisendring. Men så veit me at UNE har sagt at det ikkje kjem til å bli praksisendringar dersom det ikkje blir endring av forskrift eller lover.
Så mi oppsummering er følgjande: Regjeringa og Kristeleg Folkeparti ønsker ei praksisendring. UNE seier det blir inga endring om vi ikkje endrar lover og forskrifter, og Høgsterett slår fast at grunnlaget er uklart.
Vil da regjeringa foreslå lov- eller forskriftsendring?


Les heile debatten