Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om hvorvidt statsministeren tenker at småbarnsforeldre som velger ikke å gå ut i full jobb etter foreldrepermisjonen, på en måte svikter sin del av samfunnsmaskineriet

Datert: 20.03.2013
Svart på: 20.03.2013 av statsminister Jens Stoltenberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Regjeringa har dei siste vekene tatt initiativet til ein spennande familiedebatt. Spørsmålet regjeringa har stilt, er: Er det like verdifullt å bruke tid saman med barna som å jobbe? Etter ei veke har regjeringa gitt sitt svar – gjennom ansvarleg statsråd: Det er like verdifullt å bruke tid saman med barna som å jobbe. Det er eit svar Kristeleg Folkepari er godt fornøgd med. Det er verdifullt å bruke tid saman med barna.
Eg synest Lill May Vestly har sagt det ganske treffande:
«Hvis to kvinner er hjemme med hver sine tre barn, er de gammeldagse husmødre, har null lønn og null rettigheter. Hvis de bytter barn, derimot, og oppretter hver sin familiebarnehage, blir de straks selvstendig næringsdrivende og moderne, fremadstormende kvinner.»
Eg trur dei fleste småbarnsforeldra har det bra i Noreg i 2013. Men det er éin ting som står på ønskelista, og det er meir tid i lag. Dei fleste småbarnsforeldra i dag kjem til å jobbe til dei er over 70 år. Spørsmålet er om idealet skal vere at ein skal jobbe 100 pst. alle dagar – frå småbarnsforeldrefasen og fram til ein er over 70 år.
Me ser òg bekymringsfulle trekk i utviklinga når det gjeld sjukefråveret. Kvinnefråveret ligg over gjennomsnittet, og utviklinga er meir negativ for kvinner i småbarnsfasen.
Mitt spørsmål er: Tenkjer statsministeren at småbarnsforeldre som vel ikkje å gå ut i full jobb etter foreldrepermisjonen, på ein måte sviktar sin del av samfunnsmaskineriet?


Les heile debatten