Spørjetimespørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til forsvarsministeren

Om mandat, samansetting og framdriftsplan for arbeidsgruppa som skal avklare spørsmåla om Det frivillige Skyttervesen si samfunnsrolle, og korleis statsråden vil sørgje for at dette blir ferdigstilt til 2014-budsjettet

Datert: 18.04.2013
Svart på: 24.04.2013 av forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Ved dei to siste budsjetthandsamingane i Stortinget har det vore usemje om tilskotet til Det frivillige Skyttervesen, DFS. Ved begge høva har det vore komitémerknader som har vist til at det er behov for ei avklaring av DFS si samfunnsrolle og samarbeid med Forsvaret. Vi er kjende med at det skal settast ned ei arbeidsgruppe som skal avklare desse spørsmåla.
Kva mandat, samansetting, status og framdriftsplan har dette arbeidet, og korleis vil statsråden sørgje for at dette blir ferdigstilt til 2014-budsjettet?


Les heile debatten