Munnleg spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Om kvifor regjeringa ikkje har gjort noko sidan flaumen for to år sidan dreiv mange frå hus og heim, og kvifor ein ikkje har vore opptatt av om husa skal byggjast i trygge eller utrygge område

Datert: 29.05.2013
Svart på: 29.05.2013 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Igjen er store delar av Austlandet utsette for flaum. Heldigvis er det ingen som har mista livet, ingen personskadar, men det er store, betydelege skadar. Dei siste tala tyder på at det er 2 200 innrapporterte skadar, og beløpet er ca. 260 mill. kr foreløpig. I tillegg til desse kostnadene er det ein tragedie for mange. Folk har mista huset sitt, folk har mista heimen sin, og det som gjer dette ekstra tragisk, er at for enkelte er det andre gongen på to år at dei er utsette for flaum og mistar heimen sin. For to år sidan hadde vi altså ein flaum, og mange fekk då husa sine øydelagde, men dei fekk altså ein klapp på skuldra frå kommunen og fekk byggje opp igjen. No er ein altså utsett for dette på nytt.
Det slår meg at regjeringa har vore veldig opptatt av korleis husa, bustadene, skal byggjast – rullestoltilpassing, at ein skal ha tettheit, energieffektivitet – men ein har altså ikkje vore opptatt av om husa, bustadene, skal byggjast i trygge eller utrygge område. Det kan no nesten sjå ut som om det er lettare å få byggjeløyve i rasutsette og flaumutsette område enn det er å få byggjeløyve f.eks. i strandsona innanfor 100-metersbeltet. Vi ser at dersom det er nokre kommunar som gir byggjeløyve innanfor strandsona, er Fylkesmannen, miljøvernminister og kommunalminister på hogget og skal stanse dette, men det skjer altså ikkje når det gjeld rasutsette og flaumutsette. Så spørsmålet mitt til kommunalministeren er: Kvifor har ikkje kommunalministeren og regjeringa gjort noko sidan flaumen for to år sidan dreiv mange frå hus og heim? Kvifor har ein berre sete passiv og sett på?


Les heile debatten