Spørjetimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om statsråden vil ta grep som sikrar at pasientar med behov for komplekse eller langvarige koordinerte spesialisthelsetenester får oppnemnt koordinator, og at dette vert eit reelt pasienttilbod ved alle sjukehus og i alle helseregionar

Datert: 14.11.2013
Svart på: 20.11.2013 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Ifølgje spesialisthelsetenestelova skal alle pasientar med behov for komplekse eller langvarige koordinerte spesialisthelsetenester få oppnemnt koordinator. Likevel kjem det stadig meldingar om at så ikkje skjer ute i føretaka. Pasientar med alvorleg og kronisk sjukdom får ikkje ein pasientansvarleg lege eller anna fast helsepersonell som dei kan forholda seg til.
Vil statsråden ta grep som sikrar at dette vert eit reelt pasienttilbod ved alle sjukehus og i alle helseregionar?


Les heile debatten