Munnleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Om korfor statsråden har opna heile diskusjonen om lokaliseringa av eit nytt beredskapssenter heilt på nytt

Datert: 20.11.2013
Svart på: 20.11.2013 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Viktigheita av god beredskap har landet vårt erfart på den djupt smertefulle måten. Nokre av læringspunkta knytte til korleis ein får god beredskap, er at det heng tett saman med trening, kompetanse og samarbeid. Då er det fleire tiltak som må til. Eitt av dei tiltaka den førre regjeringa sette i gang, var arbeidet med å få på plass eit nytt beredskapssenter på Alnabru i Oslo. Denne regjeringa har starta sitt virke med å sjå etter alternative lokaliseringar for eit sånt senter. Grunngjevinga deira er tomte- og bygningsstorleik, men desse forholda er godt kjende og nøye diskuterte. Derfor lurer eg på korfor statsråden har opna heile diskusjonen om lokaliseringa av eit nytt beredskapssenter heilt på nytt.


Les heile debatten