Munnleg spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til justis- og beredskapsministeren

Om justisministeren kan garantere at vi ikkje har nokon kunnskap om at amerikanske myndigheiter ulovleg overvaker norske borgarar på nokon som helst måte

Datert: 20.11.2013
Svart på: 20.11.2013 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): I løpet av det siste halvåret har vi fått ei rekkje svært alvorlege klager og avsløringar knytte til overvaking frå amerikanske myndigheiter mot ein rekkje europeiske land. Grunnen til at dette er så djupt alvorleg, er at kjerneoppgåva for ein stat er å sikre innbyggjarane fridom og personvern. Tradisjonelt er vi vane med at ei av staten sine kjerneoppgåver er å sikre tryggleiken til menneska, m.a. gjennom eit forsvar. Det som inngår i det, er overvaking. Det vi òg veit gjennom nyare norsk historie, er at overvakinga har vorte brukt mot våre eigne borgarar, men òg at våre eigne allierte overvaker menneske i andre land. Noko av det som har kome fram, synest å vere ganske godt dokumenterte påstandar, andre ting er heldigvis ikkje det. No vil eg tru at justisministeren saman med sine kollegaer har hatt noko tid til å danne seg eit klart inntrykk av kva overvaking som føregår frå framande makter mot norske borgarar, og kva kunnskap vi har om det.
Mitt spørsmål er derfor til justisministeren: Kan justisministeren garantere at vi ikkje har nokon kunnskap om at amerikanske myndigheiter ulovleg overvaker norske borgarar på nokon som helst måte?


Les heile debatten