Munnleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Om kva for konkret funksjon den nye statssekretæren for beredskap på SMK hadde i handteringa av brannen i Lærdal

Datert: 12.02.2014
Svart på: 12.02.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Eg har tidlegare spurt statssekretæren i Justisdepartementet, men òg statsministeren sjølv, kva det betyr for den reelle arbeidsdelinga at den nye statssekretæren for beredskap på SMK har fått same stillingsbeskrivinga som justisministeren på ei rekkje område. Eg har ikkje fått tydelege svar. Eg er derfor glad for at justisministeren er her no, og eg skal gjere det enklare for justisministeren å gi eit tydeleg svar, for statssekretæren hans sa på NRK på fredag at elementet var ei «solid støtte» for Justisdepartementet i den seinare tids kriser. Eg reknar då med at han f.eks. viste til brannen i Lærdal. Spørsmålet mitt då er ganske enkelt: Kva tid vart elementet involvert i handteringa av brannen i Lærdal, og kva for konkret funksjon hadde elementet?


Les heile debatten