Munnleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til statsministeren

Om korleis regjeringa har vist gjennomføringskraft i arbeidslivspolitikken så langt, med eksempel i bl.a. turnusordningar

Datert: 26.02.2014
Svart på: 26.02.2014 av statsminister Erna Solberg

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Eg skal også stille eit spørsmål om gjennomføringskraft, som på mange måtar har vorte credoet til statsministeren og regjeringa ho leier. Det er ein god ambisjon, men då må ein også tole å bli målt på det.
Den siste tida har vi fått fleire eksempel på kor viktig det er med gjennomføringskraft i arbeidslivspolitikken – flomlyset er med andre ord på. I førre veke kunne Dagens Næringsliv fortelje om situasjonen med Ladegården sykehjem i Bergen. Der har både arbeidsgivarar og arbeidstakarar vorte einige om ei ny turnusordning, ei ordning som medfører at dei tilsette må jobbe færre helgar, men at dei til gjengjeld jobbar litt lenger om gangen. Sånne turnusordningar har tidlegare gitt gode resultat i form av heile stillingar og meir nøgde brukarar. No har Fagforbundet sentralt sett ned foten.
I Dagsavisen måndag kunne vi lese om situasjonen ved Oslo universitetssykehus, der ein i fjor såg seg nøydd til å bryte bestemmingane om arbeidstid i arbeidsmiljølova 32 000 gonger: «Jeg ønsker selvsagt ikke å bryte norsk lov, men det må jeg gjøre for å drive denne virksomheten forsvarlig», sa leiaren for akuttklinikken til avisa.
Regjeringspartia snakkar mykje om å endre arbeidsmiljølova for å sikre modernisering og meir fleksibilitet. Det er ein ambisjon som Venstre meir enn deler. Men enn så lenge har det vorte med snakket.
Då den raud-grøne … med snakket. Då den raud-grøne regjeringa kom til makta i 2005, brukte ein 24 dagar på å endre arbeidsmiljølova. Så langt har regjeringa Solberg brukt 134 dagar på å gjere ingenting, iallfall ikkje som vi på Stortinget har fått med oss. Det varsla arbeidstidsutvalet er framleis ikkje sett ned, og i går fekk vi i arbeids- og sosialkomiteen beskjed om at vi kan vente oss nøyaktig 0 saker den neste månaden.
Spørsmålet mitt til statsministeren er dette: Korleis har regjeringa vist gjennomføringskraft i arbeidslivspolitikken så langt?


Les heile debatten