Spørjetimespørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Om statsråden er einig i at situasjonen er slik media har formidla knytt til bemanningssituasjonen i påtalemakta, og kva slags tiltak statsråden i så fall vil iverksetje

Datert: 27.03.2014
Svart på: 02.04.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Den siste tida har det vore fleire oppslag i media knytt til bemanningssituasjonen i påtalemakta. Særleg har det vorte peikt på problem knytt til påtalejuristane i politiet. Høg turnover og stort arbeidspress hos den enkelte jurist pregar kvardagen til denne viktige yrkesgruppa, noko som er alvorleg. Juristforbundet har åtvara mot utviklinga.
Er statsråden einig i at situasjonen er slik media har formidla, og kva slags tiltak vil statsråden i så fall iverksetje?


Les heile debatten