Spørjetimespørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Om kva statsråden vil gjere for at ikkje vald på jobben skal verte daglegdags for tilsette i barnevernsinstitusjonar, bustader for menneske med utviklingshemming og i kommunalt barnevern

Datert: 29.10.2014
Svart på: 05.11.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Mange arbeidstakarar som jobbar med menneske opplever vald og trugsmål om vald som ei stor arbeidsmiljøutfordring. Ei Fafo-undersøking frå 2009 viser at 60 pst. av dei tilsette i barnevernsinstitusjonar, bustader for menneske med utviklingshemming og i kommunalt barnevern har vore utsette for vald og/eller trugsmål det siste året. Desse tala ligg stabilt høge.
Kva vil statsråden gjere for at ikkje vald på jobben skal verte daglegdags, og korleis vil han gjere arbeidsmiljøet tryggare i utsette yrker?


Les heile debatten