Munnleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Om kva regjeringa gjer for å påverke eit splitta EU i forhandlingar med USA om eit transatlantisk handels- og investeringspartnarskap, som vil styrkje globale investorar sine interesser i staden for interessene til nasjonale styresmakter

Datert: 05.11.2014
Svart på: 05.11.2014 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Det er i dag forhandlingar mellom EU og USA om eit transatlantisk handels- og investeringspartnarskap, forkorta TTIP. Ein forhandlar om felles reglar og standardar for nær sagt alle vare- og tenesteområde og for sterkare rettar for utanlandske investorar. Avtalen vil styrkje globale investorar sine interesser i staden for interessene til nasjonale styresmakter, og han kan opne for genmodifisert og hormonbehandla mat – ut frå ynsket om økonomisk vekst for EU og USA. Noreg kan gjennom EØS-avtalen måtte overta mykje av regelverket EU innfører, og dermed verte underlagd det USA og EU måtte kome fram til i TTIP-avtalen.

Noreg vernar i dag sine innbyggjarar gjennom eit tydeleg lovverk innan miljø, helse og arbeidstakar sine rettar. TTIP-avtalen og den føreslåtte Investor-state dispute settlement-ordninga kan endre standardane i Noreg. I 2003 prøvde Philip Morris å saksøkje norske styresmakter for at dei merkte norske tobakksprodukt med helsefare. Det kom dei ingen veg med på grunn av vårt nasjonale lovverk. Australia står no i fare for å tape eit likande søksmål frå det amerikanske tobakkselskapet. Australia har mista nasjonal råderett som følgje av at landet er tilknytt ein overnasjonal domstol gjennom ein handelsavtale landet har med Hongkong. EU er splitta i spørsmålet om ISDS-ordninga, noko som gir gode moglegheiter for Noreg til å påverke EU i dette spørsmålet.

Er statsråden samd med Senterpartiet i at det vil vere uakseptabelt om ein slik avtale gir investorar rett til å saksøkje regjeringa når ein varetek innbyggjarane sine ved lovregulering av f.eks. helse og miljø? Dersom han ikkje støttar eit slikt system, kva gjer regjeringa for å påverke eit splitta EU i denne saka?


Les heile debatten