Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til utenriksministeren

Om kva Noreg kan gjere for å styrkje nabolanda si evne til å ta imot fleire flyktningar og sikre at EU og Europa som heilheit tar eit større ansvar for menneske på flukt

Datert: 05.11.2014
Svart på: 05.11.2014 av utenriksminister Børge Brende

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Det er ein spesiell dag i Stortinget i dag. Statsministeren kjem hit seinare med ei utgreiing. Det er fordi me no står framfor ein tragisk væpna konflikt, ein væpna konflikt som kan rive både Syria og Irak som land frå kvarandre, med svært store og tragiske humanitære konsekvensar. Det er ei veldig alvorleg avgjersle. Militær innsats er alltid siste verkemiddel, men må aldri stå aleine.

Me opplever no fire store humanitære kriser på nivå 3: i Sør-Sudan, i Den sentralafrikanske republikken, i Irak og i Syria. Resultatet er at me ser den verste flyktningsituasjonen etter andre verdskrigen. Berre i Syria er i realiteten ti millionar menneske på flukt – seks millionar internt drivne, og nesten fire millionar som flyktar frå landet.

Libanon stengde tidleg i oktober grensene sine for flyktningar. Me kan altså sjå ein enda meir krevjande humanitær katastrofe i emning ettersom Libanon, Jordan og Tyrkia kjenner at dei ikkje har kapasitet til å ta imot fleire flyktningar. Samtidig avsluttar Italia sin redningsoperasjon i Middelhavet.

Mitt spørsmål til utanriksministeren er: Kva kan Noreg gjere for å styrkje nabolanda si evne til å ta imot fleire flyktningar og sikre at EU og Europa som heilskap tar eit større ansvar for menneske på flukt?


Les heile debatten