Munnleg spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til statsministeren

Om korleis statsministeren vil beskrive regjeringas skogvernbudsjett, der støtta til skog er kutta med to tredjedelar

Datert: 12.11.2014
Svart på: 12.11.2014 av statsminister Erna Solberg

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Mennesket er heilt avhengig av naturens mangfald: til mat, medisinar og klede – og til ei rekkje tenester som pollinering og klimasystemet. Vi kan rett og slett ikkje leve utan eit rikt naturmangfald.

Verdas leiarar har derfor sett eit globalt mål om å stanse tapet av naturmangfald – som no er historisk høgt – og sikre at vi har robuste økosystem på plass innan 2020. Dei måla skal vi følgje opp her i Noreg.

Eit av dei viktigaste tiltaka innanfor dette er frivillig skogvern, som var høgt prioritert og vart kraftig styrka dei siste åra med raud-grøn regjering.

Alt dette veit statsministeren, for i eit intervju kort tid før valet, sa ho:


«I skogen lever 60 prosent av artene i Norge og omtrent halvparten av de truede artene. Vi må derfor trappe opp skogvernet gjennom flere avtaler med skogeierne om frivillig vern.»

Og vidare:


«Det trengs en ny giv i miljøpolitikken. Under dagens regjering har klassisk naturvern blitt nedprioritert. Det går sakte med vern av skog, selv om skogeierne har tilbudt store arealer.»

Etter desse utsegnene frå opposisjonsleiar Solberg er det ikkje rart at dei som jobbar med desse spørsmåla, hadde forventningar. Det var eit felles krav frå skogeigarar, industrien og miljøorganisasjonane – i ein allianse – om at det skulle styrkast. For eksempel seier fagsjef i Norsk Industri, Marit Holtermann Foss: «Økt skogvern er en forutsetning for at industrien skal kunne levere bærekraftige produkter fra skogen.»

No veit vi resultatet. I forslaget til statsbudsjettet for 2015 er støtta til skog kutta med to tredjedelar, frå 336 mill. kr i år ned til 121 mill. kr neste år.

Mitt spørsmål til statsministeren, som brukte ordet «nedprioritere» om den raud-grøne naturvernsatsinga, er: Korleis vil ho beskrive regjeringas skogvernbudsjett, og kva vil ho gjere med det?


Les heile debatten