Munnleg spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til justis- og beredskapsministeren

Om væpning av politiet pga. terrortruslane, og om justisministeren kan garantere at det vi nå ser, ikkje vil skli over i varig, generell væpning av norsk politi, og at det vert ein open debatt om spørsmålet

Datert: 26.11.2014
Svart på: 26.11.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Terror er blant dei største truslane i det moderne samfunnet. Det fekk vi i Noreg smerteleg erfare den 22. juli 2011, og seinast no i sommar kom det nærmare oss. Fredag ettermiddag fekk vi beskjed frå justisministeren om at han ville innføre væpning av politiet, nærmare bestemt væpning av alt innsatspersonell, med våpengodkjenning i dagleg teneste, foreløpig i fire veker, men det som fort kan verte på ubestemt tid. Vi har eit uvæpna politi i Noreg. SV støttar det og meiner det vil vere galt med ei generell væpning. Vi meiner det ikkje er dokumentert at det gjer Noreg tryggare, men at det tvert imot kan føre til både fleire våpen og fleire situasjonar med skot.

Men vi har òg eit fleksibelt regelverk som gjorde det mogleg raskt å innføre væpning når justisministeren meinte det var nødvendig. Eg meiner likevel at det er grunn til å stille spørsmål ved denne saka. For det første er terrortrusselen diffus, basert på den generelle, globale oppfordringa til vald mot uniformerte tenestemenn. Bak står ei gruppe som vi dessverre kan frykte vil vere ein trussel over noka tid. Noreg skal etter kvart delta i den væpna kampen mot dei, noko som vel snarare vil føre til ein auka trussel heller enn ein redusert trussel mot oss. Vi må frykte at det kan vare ved.

Avgjerda kom fredag ettermiddag, men for nokre veker sidan var det eit møte i den utvida utanrikskomiteen der, eg òg var, der vi vart informerte på ein ryddig måte om terrortrusselen, som etter kvart vart offentleg, og vi har vel grunn til å rekne med at tiltaka derfrå har vorte vurderte i noka tid.

Så mitt spørsmål til justisministeren er: Kan justisministeren garantere at det vi nå ser, ikkje vil skli over i ei varig, generell væpning av norsk politi, og vil han, dersom det er aktuelt å forlengje det om fire veker, kome til Stortinget på eigna måte – ei utgreiing eller ei sak – og sørgje for at Stortinget får seie si meining, og at det vert ein open debatt om spørsmålet?


Les heile debatten