Munnleg spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til næringsministeren

Om å vere med på å skjerpe inn regelverket for offentlege anskaffingar, slik at brot på grunnleggjande arbeids- og menneskerettar ikkje kan nyttast som konkurransefordel for selskap som sel varer til det offentlege

Datert: 07.01.2015
Svart på: 07.01.2015 av næringsminister Monica Mæland

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Eg må også be næringsministeren kome opp, for spørsmålet mitt går til ho.

168 millionar born står kvar dag opp for å gjere seg klare til å gå på jobben. Meir enn halvparten av borna jobbar under farlege forhold, og nobelprisvinnar Kailash Satyarthi har vore ein sentral aktivist for å få på plass ein konvensjon om forbod mot og umiddelbare tiltak for å avskaffe dei verste formene for barnearbeid, ILO-konvensjonen nr. 182.

Kampen mot barnearbeid er ei av vår tids viktigaste globale utfordringar, uttala Erna Solberg då nobelprisen vart kjend.

Offentleg sektor har stor marknadsmakt, ikkje minst i Noreg, og har moglegheit til å stille krav for varene ein etterspør. Helse Sør-Øst er ein offentleg instans som har gått føre og stilt krav om at grunnleggjande arbeids- og menneskerettar skal respekterast når varene dei kjøper inn, vert produserte. Det er svært viktig når vi veit at import av f.eks. kirurgiske instrument skjer frå land der risikoen for barnearbeid og uverdige arbeidsforhold er stor.

Undersøkingar som er gjort av Framtiden i våre hender og Initiativ for etisk handel, viser likevel at svært få offentlege instansar stiller krav, slik som Helse Sør-Øst gjer. Det er grunnen til at SV i dag har foreslått at Stortinget skal be regjeringa om å foreslå endringar i regelverket for offentlege anskaffingar, slik at vi kan hindre at gode og seriøse leverandørar taper anbodskonkurransar fordi det offentlege ikkje etterspør at prisen dei får tilbod om, speglar lovlege og anstendige arbeidsforhold.

Mitt spørsmål til næringsministeren er: Vil næringsministeren vere med på å skjerpe inn regelverket for offentlege anskaffingar, slik at brot på grunnleggjande arbeids- og menneskerettar ikkje kan nyttast som konkurransefordel for selskap som sel varer til det offentlege?


Les heile debatten