Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om statsministeren vil ta eit leiaransvar i det viktige arbeidet me har i kampen mot vald mot barn

Datert: 11.02.2015
Svart på: 11.02.2015 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Eg trur statsministeren har forstått Kristeleg Folkepartis engasjement for dei sårbare barna.

Denne veka kom riksadvokatens rapport om politiets handtering av Monika-saka i Hordaland. Riksadvokatens gjennomgang avslører store manglar i Hordaland-politiets kompetanse og etterforskingsleiing. Politiets mangelfulle handtering har ført til svært alvorlege brot på barns rettstryggleik.

I VG måndag uttalar forskar Ivar Fahsing at dette er ikkje unikt for politiet i Hordaland, men at dette er noko som kunne skjedd over alt. Det er svært alvorleg. Saka er dessverre ikkje eineståande. Me har dei siste åra sett fleire eksempel på saker om vald mot barn, der politiets manglande handtering har fått alvorlege konsekvensar. Christoffer-saka er eit anna skrekkeleg eksempel som me alle hugsar. Òg Barneombodet melder om bekymring for politiets evne til å handtere saker om vald og overgrep mot barn.

Kristeleg Folkeparti har tatt initiativ til at Stortinget skal jobbe breitt og grundig med vald mot barn denne våren. Me meiner kampen krev ei heilskapeleg satsing på permanente tiltak og tverrfagleg, tung innsats frå helse-, familie- og justissektoren. Me har derfor fremma eit forslag der me bl.a. ber regjeringa leggje fram ein forpliktande og heilskapeleg opptrappingsplan etter modell av opptrappingsplan for psykisk helse – med langsiktig forplikting til auka organisering og øyremerkte midlar.

Mitt spørsmål til statsministeren er: Vil ho ta eit leiaransvar nettopp i dette viktige arbeidet me har i kampen mot vald mot barn?


Les heile debatten