Spørjetimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om statsråden kan gjere greie for dei politiske realitetane i saka om framtidas Oslo-sjukehus i eitt Campus Oslo

Datert: 12.02.2015
Svart på: 18.02.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Oslo universitetssykehus (OUS) sin Idéfaserapport har teikna eit langsiktig mål av framtidas Oslo-sjukehus i eitt Campus Oslo. Høyringsrunden viste liten oppslutning om samling av store delar av OUS på Gaustad. Statsråden har i svar til Stortinget fortalt om møte mellom statsråd, OUS og Helse Sør-Øst, der det har vore 'felles oppfatning av de politiske realitetene i saken'. Ut frå oppslag i media verkar det uklart kva den felles oppfatninga er.
Kan statsråden gjere greie for dei politiske realitetane i denne saka?


Les heile debatten