Munnleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Om justisministeren vil vera med på å gjera kriseleiinga ved nasjonale kriser betre ved å gå for ein nasjonal operasjonssentral som trer i kraft ved nasjonale kriser

Datert: 18.03.2015
Svart på: 18.03.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Arbeidarpartiet vil ha ei politireform. No har justisministeren lagt fram sitt forslag for Stortinget, og me ser fram til å behandla det.
Reforma har nokre fornuftige element og andre element som nok bør løysast betre. Ein sånn mangel er at han ikkje klårgjer korleis nasjonale krisar skal leiast og handterast. Fire år etter 22. juli, tre år etter Gjørv-kommisjonens rapport, er dette ein svært kritikkverdig mangel.
Arbeidarpartiet vil ta ansvar òg når me er i opposisjon. Me har difor eit konkret forslag til ei løysing av dette. Me vil ha ein nasjonal operasjonssentral som trer i kraft ved nasjonale kriser. Ein slik operasjonssentral bør liggja til eit politidistrikt som er van med å handtera små og store kriser, som Oslo politidistrikt. Deira oppgåve vil vera å støtta dei andre operasjonssentralane om det skjer ein katastrofe i t.d. Oslo, Bergen og Nord-Norge samtidig. For då er det behov for god og tydeleg leiing og skikkeleg koordinering av ressursane. Gjørv-kommisjonen anbefalte dette tiltaket. Stoltenberg II-regjeringa la pengar på bordet for å utgreia dette tiltaket. Så forarbeidet for tiltaket er gjort.
Arbeidarpartiet meiner at politireforma er så viktig at ho bør forankrast tverrpolitisk. Det er òg grunnen til at me kjem med konkrete forslag for å gjera politireforma betre. Nasjonal operasjonssentral er eitt eksempel, og no som reforma endeleg er lagt fram for Stortinget, vil det òg i det arbeidet koma fleire eksempel som eg håper at regjeringspartia og Venstre vil vera med på å samarbeida om.
Men akkurat no vil eg gjerne veta: Vil justisministeren vera med på å gjera kriseleiinga ved nasjonale kriser betre ved å gå for ein nasjonal operasjonssentral som trer i kraft ved nasjonale kriser, som Arbeidarpartiet foreslår?


Les heile debatten