Munnleg spørsmål fra Terje Breivik (V) til statsministeren

Om statsministeren er samd i at det å satsa på grøn vekst er det viktigaste me kan gjera i åra som kjem, og kva som er dei viktigaste tiltaka for å få til ei grøn omstilling

Datert: 08.04.2015
Svart på: 08.04.2015 av statsminister Erna Solberg

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Eg vil starta med å gje statsministeren velfortent ros – ros fordi ho har vore prisverdig klar på at me må førebu oss på at det grøne skiftet kjem raskare enn me trudde, og fordi ho så klart seier frå at det er eit ynskt skifte og eit skifte som medfører store moglegheiter, føresett at me legg til rette for at det skal skje.

Det er òg på sin plass å understreka at me i godt samarbeid har teke viktige steg for å få til eit grønt skifte på avgjerande område. Statsbudsjettet som no har verka i tre–fire månader, medfører t.d. eit større grønt skifte for transportsektoren enn noko av det me såg under dei raud-grøne.

For Venstre er det openbert at ein strategi for å bremsa utviklinga lengst mogleg er ein feilslegen strategi. Oppgåva er å bidra til at fart og retning gjer at utviklinga vert best mogleg for flest mogleg, ikkje minst å forsterka alt det spennande som alt skjer i næringslivet og i eksportindustrien. Difor er hovudtemaet på landsmøtet til Venstre som startar på fredag, grøn vekst.

Korleis kan me leggja til rette for det som den siste rapporten frå FNs klimapanel konkluderer med – det kan vere berekraftig med framleis vekst, gjeve at veksten er grøn? Skal me få det til, er det avgjerande at det offentlege går i front, at meir av dei samla løyvingane til forsking fører til grøn vekst, at meir av offentleg kapital vert investert i det som har potensial til å verta lønsame grøne bedrifter, og at me brukar skattesystemet til å stimulera det me vil ha meir av: fleire nye norske miljøvenlege bedrifter.

Så spørsmåla til statsministeren er, punkt 1, om ho er samd i at det å satsa på grøn vekst er det viktigaste me kan gjera i åra som kjem, og punkt 2, kva statsministeren sjølv meiner er dei viktigaste tiltaka for å få til ei grøn omstilling.


Les heile debatten