Spørjetimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om å sikre reelle tilsyn og hindre liknande uforsvarlege nedleggingsprosessar, med omsyn til sikkerheita rundt nedlegging av Rjukan sykehus

Datert: 07.05.2015
Svart på: 13.05.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Fylkeslegen har påvist at Sykehuset Telemark HF har gjort lovbrot med omsyn til sikkerheita rundt nedlegging av Rjukan sykehus. Tilsynet peikar på mangel på sårbarheits- og risikovurderingar før omstillinga, noko statsråden var godt kjend med. At fylkeslegen sin tilsynsrapport kjem i etterkant av omstillingane, er som å be om tilgiving for noko som ikkje skulle ha vorte tillate.
Kva vil statsråden gjere for å sikre reelle tilsyn og hindre liknande uforsvarlege nedleggingsprosessar?


Les heile debatten