Munnleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Om korleis statsråden vurderer det beskjedne budsjettnivået forsvarssjefen skal leggje til grunn i planlegginga si av Forsvaret fram til 2030, som bryt så fundamentalt med vedteken politikk og ambisjonar for det regjeringspartiet som sit med finansministeren

Datert: 13.05.2015
Svart på: 13.05.2015 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Spørsmålet mitt går til forsvarsministeren. Under NATO-møtet i Wales i fjor vart det signalisert at det var vilje til å auke investeringane og løyvingane til Forsvaret. NATO sette seg som mål at medlemslanda skal auke forsvarsbudsjetta sine tilsvarande om lag 2 pst. av BNP. Det siste året har vist at sikkerheitssituasjonen kan endre seg raskt. Dette er òg ein viktig grunn til at Senterpartiet, som fyrste parti, på landsmøtet vårt gjorde vedtak om at Noreg må syte for eit lyft for forsvaret vårt og oppfylle NATOs mål. I statsråden sitt oppdrag til forsvarssjefen sitt fagmilitære råd har ho spesifisert føresetnaden forsvarssjefen skal nytte i planlegginga si av Forsvaret fram til 2030. Eit kompensert vidareført 2015-budsjett og eit budsjett med 0,5 pst. årleg vekst i høve til dette er det beskjedne budsjettnivået forsvarssjefen skal leggje til grunn. Regjeringspartiet Framstegspartiet, som har finansministeren, vedtok på den andre sida på sitt landsmøte at Noreg innan 2020 skal bruke 2 pst. av bruttonasjonalinntekta på Forsvaret. Det tilseier at budsjettet må aukast med om lag 50 pst., til nærare 70 mrd. kr, i løpet av dei komande fem åra – ei ambisiøs målsetjing.

Korleis vurderer statsråden verdien av råda ho vil få frå forsvarssjefen når analysen hans er basert på beskjedne budsjettrestriksjonar som bryt så fundamentalt med vedteken politikk og ambisjonar for det regjeringspartiet som sit med finansministeren?


Les heile debatten