Spørjetimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om det er rettferdig at studentar med funksjonsnedsetting ikkje får støtte til å gjennomføre eit semester i utlandet, slik funksjonsfriske studentar får tilbod om, med bakgrunn i at Bergen kommune har gitt ein student avslag på BPA på utvekslingsopphald

Datert: 15.10.2015
Svart på: 21.10.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Stortinget har lovfesta retten til brukerstyrt personlig assistanse (BPA) for å betre kvardagen for menneske med stort behov for assistanse. Regjeringa skreiv i lovproposisjonen at visjonen er eit samfunn der alle kan delta og der dei aller fleste har utdanning og arbeid som målsetting. Bergen kommune har gitt ein student avslag på BPA på utvekslingsopphald.
Meiner statsråden det er rettferdig at studentar med funksjonsnedsetting ikkje får støtte til å gjennomføre eit semester i utlandet, slik funksjonsfriske studentar får tilbod om?


Les heile debatten