Munnleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om helse- og omsorgsministeren vil føreslå ei forsvarlegheitsgrense for pasientbelegg i norske sjukehus på 85 pst.

Datert: 11.11.2015
Svart på: 11.11.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): NRK Telemark melde den 5. november om at sprengd kapasitet ved Sjukehuset Telemark kan ha ført til at pasientar har mista livet. Belegget har ifølgje NRK vore på 120 pst. over lengre tid. Legane ved sjukehuset bad Helsetilsynet allereie i vår om å vurdera om tilbodet er forsvarleg, og dei meiner at sjukehusleiinga ikkje tar situasjonen på alvor. Fylkeslegen granskar no Sjukehuset Telemark, og han uttala i media at han ikkje er sikker på at pasientar får forsvarleg helsehjelp.

Men det er ikkje berre Sjukehuset Telemark som har høgt pasientbelegg. Norske sjukehus hadde i 2013 eit gjennomsnittleg belegg i sjukehussengene på 93 pst. Fem helseføretak hadde ein beleggsprosent på over 100, og snittet i OECD-landa er til samanlikning på 78 pst. Både Helsedirektoratet og Den norske legeforening meiner at Noreg må innføra ei forsvarlegheitsgrense for pasientbelegg på 85 pst., slik England har innført.

Helseministeren har til no sagt nei til å innføra ei slik grense, og det meiner eg er alvorlig. Høgt pasientbelegg er ein trussel for pasientsikkerheita. Ei stor tysk undersøking viser at med eit belegg på over 92,5 pst. får ein forseinkingar i pasientløp, auka sjukehusinfeksjonar, meir sjukdom hos tilsette og auka dødelegheit blant pasientar.

Helse- og omsorgsministeren seier han er opptatt av kvalitet og pasientsikkerheit. Samtidig avviser han ei nasjonal forsvarlegheitsgrense for pasientbelegg med argument om at ein ikkje kan nekta pasientar akutthjelp. Men dette handlar sjølvsagt ikkje om å nekta pasientar hjelp i døra; det handlar om sjukehusleiing og ansvarleg planlegging av sjukehusdrift og investeringar, slik at sengekapasiteten er tilstrekkeleg til å gje pasientane eit forsvarleg tilbod.

Så spørsmålet mitt er om helse- og omsorgsministeren vil føreslå ei forvarlegheitsgrense for gjennomsnittsbelegg i norske sjukehus på 85 pst.?


Les heile debatten