Munnleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Om endringane i politidistrikta og plasseringa av hovudseter for politimeistrane, og om prosessen har vore god nok når ordførarar og andre høyringspartar opplever at dei ikkje har fått høve til ein dialog med Politidirektoratet

Datert: 25.11.2015
Svart på: 25.11.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Justis- og beredskapsministeren har i si tid som statsråd vore ein av dei fremste forkjemparane for ulike reformer. Politireformer, omorganisering av beredskapseiningar og endringar i domstolsstruktur er nokre eksempel.

Senterpartiet ønskte ei anna politireform enn det fleirtalet på Stortinget vedtok, fordi vi meiner at storstilt sentralisering ikkje er løysinga, men vi innrettar oss etter det som vart vedteke, og er opptekne av at resultatet skal bli så godt som mogleg under dei føresetnadene som er. Det er avgjerande for eit godt resultat av endringsprosessar at dei partane det får følgjer for, blir involverte og i det minste opplever at dei blir høyrde på.

Når det gjeld politireforma, har kommunane vorte inviterte til eit felles stormøte på Politihøgskolen, men blir nekta enkeltmøte med Politidirektoratet for å leggje fram saka si. Mange kommunar har reagert kraftig på dette. Det at mange kommunar melder at dei ikkje har oppnådd god dialog med Politidirektoratet om endringane i politidistrikta og plasseringa av hovudsete for politimeistrane, er etter Senterpartiets meining eit dårleg teikn. Når ein skal slå saman til større einingar, vil det alltid vere taparar i kampen om lokalisering av funksjonane. Målet må likevel vere gode prosessar der flest mogleg har tillit til det som skjer, og kan akseptere konklusjonane.

Meiner statsråden prosessen har vore god nok når ordførarar og andre høyringspartar opplever at dei ikkje har fått høve til ein dialog med Politidirektoratet?


Les heile debatten