Munnleg spørsmål fra Terje Breivik (V) til klima- og miljøministeren

Om kva ambisjonar og konkrete initiativ statsråden kjem til å ta for å skapa marknader for grøne løysingar, som er avgjerande for å ta ut potensialet og auka konkurransekrafta for eigen industri og teknologiutviklingsmiljø

Datert: 17.02.2016
Svart på: 17.02.2016 av klima- og miljøminister Vidar Helgesen

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Skulle ein teke enkelte parti og stortingsrepresentantar, endåtil ein sokalla ansvarleg statsråd, på alvor, høyrest det ut som om ein ekstraordinær flyktningtilstrøyming på nokre få tusen fleire enn i ein normalsituasjon er den største trugselen og det største problemet me står overfor som nasjon og verdsborgarar. Eg føler meg trygg på at statsråd Helgesen er samd med meg og Venstre i at klimaproblemet dessverre har heilt andre dimensjonar med seg kva gjeld innsnevring i framtidige generasjonar sin fridom, både i Noreg og i resten av verda.
Klimakrisa kan endåtil bidra til å forsterka migrasjonsbehovet betydeleg om ikkje me som sit i posisjon til å løysa ho, gjer nettopp det. Heldigvis har ikkje Noreg berre gode føresetnader for å gå i front og vera ein tung aktør for å sikra at verda løyser klimaproblemet, men gjort på rette måten legg me òg eit solid grunnlag for næringsutvikling, nye arbeidsplassar og grøn vekst.
Dagens gladmelding om at Hydro har trykt på startknappen for aluminiumsteknologipiloten på Karmøy, er eit prima døme på at industrien for lengst er i gang. Det kanskje sterkaste politiske incitamentet me har for å forsterka utviklinga, er målmedveten bruk av skattar og avgifter og strenge klima- og miljøkrav i offentlege anbod og konsesjonsvilkår. Slik å skapa marknader for grøne løysingar er avgjerande for å ta ut potensialet og auka konkurransekrafta for eigen industri og teknologiutviklingsmiljø på verdsmarknadene.
Spørsmålet til statsråden er kort og godt: Kva ambisjonar og konkrete initiativ kjem han til å ta i så måte? Med Venstre som konstruktiv pådrivar og samarbeidsparti har statsråden tidenes moglegheit til ikkje berre å gjennomføra Venstre-politikk, men òg til sjølv å vera ein tung premissleverandør.


Les heile debatten