Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om moglegheita til å oppnå ein god avtale mellom EU og Tyrkia om å regulere flyktningtilstrøyminga frå Syria, redusere den livsfarlege båttransporten og stanse menneskesmuglarane

Datert: 16.03.2016
Svart på: 16.03.2016 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Det er no fem år sidan borgarkrigen i Syria starta. Det er ein konflikt som har kravd over 250 000 menneskeliv og drive 11 millionar menneske på flukt.

Dei siste vekene er det skapt nytt håp. Ei våpenkvile er inngått mellom dei fleste partar, sjølv om terroristgrupper som ISI ikkje er ein del av dette. Våpenstillstanden har gjort delar av Syria til krigsfrie soner. Humanitær hjelp når fram til fleire, bistanden lettar lidingane, men nøda er framleis enorm. Neste skritt må no vere forhandling om ei politisk løysing. Men dette blir krevjande og vil ta tid. Det vil òg den militære kampen mot dei ekstreme islamistane.

Av 11 millionar fordrivne har 4,5 millionar allereie flykta til utlandet, særleg til nabolanda. Flyktningleirar har vore underfinansierte. I desperasjonen fortset mange flukta vidare til Europa, det siste halve året særleg via Tyrkia og over til Hellas.

No forhandlar EU med Tyrkia om ein avtale. Målet er å regulere flyktningtilstrøyminga, redusere den livsfarlege båttransporten og stanse menneskesmuglarane. Men Tyrkia skrur opp prisen EU må betale for ein avtale, og den indre spliden i EU, særleg om kvoteflyktningar, gjer utfallet uvisst.

Noreg må bidra konstruktivt. Derfor vil eg spørje statsministeren: Kva meiner ho om moglegheita til å oppnå ein god avtale mellom EU og Tyrkia? Og kva har Noreg tilbydd å bidra med for å få ein avtale som kan fungere?


Les heile debatten