Munnleg spørsmål fra Terje Breivik (V) til arbeids- og sosialministeren

Om å sikre at føremålet med allmenngjeringslova vert ivareteke, slik at utanlandske arbeidstakarar er sikra likeverdige løns- og arbeidsvilkår, samtidig som konkurransevriding til ulempe for den norske arbeidsmarknaden vert hindra

Datert: 06.04.2016
Svart på: 06.04.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Hovudspørsmålet går til arbeidsministeren.
Endringar i arbeidslivet er ikkje noko nytt. I dag er dei likevel meir omfattande enn før, dei skjer raskare, og dei vert forsterka av tøff konkurranse mellom bedriftene. Etterspurnaden etter arbeidskraft er i nokre bransjar større enn det den norske arbeidsmarknaden kan dekkja, og gjennom den opne, frie arbeidsmarknaden i Europa er tilgangen på arbeidskraft nærmast uavgrensa.
Ein del av denne arbeidskrafta som me nyt godt av, er i ein så utsett situasjon at dei vanskeleg kan vareta rettane sine. Allmenngjeringslova har eit tosidig føremål. Lova skal på ei side sikra utanlandske arbeidstakarar løns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med vilkåra norske arbeidstakarar har. Samtidig skal ho hindra konkurransevriding til ulempe for den norske arbeidsmarknaden. Heilt sidan me fekk dei fyrste landsomfattande tariffavtalene, har me hatt prinsippet om at når arbeidsgjevar sendar arbeidstakarar på oppdrag, skal arbeidsgjevar dekkja kostnadene.
I vinter har me, i kontrast til dette, m.a. i Bergens Tidende kunna lesa om fleire saker der verksemder vert registrerte ved oppdragsstaden og arbeidstakarane vert tilsette på staden, med føremål å unngå kostnader til reise, kost og losji. Kombinasjonen av såkalla lokalt tilsette og gjennomsnittsutrekning av arbeidstida medfører ein kraftig konkurransefordel for verksemdene, sidan dei kan utvida driftstida ved gjennomsnittsutrekning av arbeidstida og samtidig unngå dekking av reise, kost og losji. Praksisen er etter arbeidsmiljølova lovleg, og Arbeidsretten har gjennom dommen i Langset-saka i fjor godteke denne typen konstruksjonar. Samstundes fører denne praksisen til at arbeidstakarane får dårlegare arbeidsvilkår, og me kan ikkje undervurdera at dette er ei utvikling som i auka grad òg vedkjem norske arbeidstakarar og norske verksemder.
Så spørsmålet er: Korleis vil statsråden følgja opp denne utviklinga, slik at føremålet med lova vert vareteke?


Les heile debatten