Munnleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Om kvifor det tok så lang tid for regjeringa å forstå at krisen ved Storskog, då det kom rekordmange asylsøkjarar, var ein nasjonal krise

Datert: 11.05.2016
Svart på: 11.05.2016 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Ifølge fleire aviser viser evalueringa til Politidirektoratet at den svært uvanlege situasjonen på Storskog i haust, då det kom rekordmange asylsøkjarar, fekk utvikla seg i fleire veker før han vart teken på alvor. Politimeisteren i Aust-Finnmark sende eit varsel allereie 9. september, og ifølge denne rapporten var politiet ikkje forberedt på tilstrøyminga, dei mangla både kompetansen, bemanninga og infrastrukturen som skulle til. Verken politiet internt eller politiet og myndigheitene såg ut til å samarbeide godt nok. No er jo dette ei foreløpig evaluering, men den teiknar likevel eit ganske tydeleg bilde: at kriseforståinga mangla i Politidirektoratet, at politisk leiing sitt leiarskap var fråverande og når det gjeld varselet frå det ytste leddet, altså politiet sjølv, på bakken, i Aust-Finnmark, vart dei ikkje vist nok tillit.

Når det gjeld dei daglege rutinane i Politidirektoratet, er det noko Politidirektoratet sjølv er ansvarleg for, men når det gjeld kriseforståinga i ein krisesituasjon, er det til sjuande og sist justisministeren som er ansvarleg for det – altså at varselet ikkje vart teke alvorleg nok tidleg nok, og at norske myndigheiter mangla tilstrekkeleg kontroll over Storskog grensestasjon over lengre tid.

Spørsmålet er kvifor det tok så lang tid for regjeringa å forstå at krisen ved Storskog var ein nasjonal krise.


Les heile debatten