Spørjetimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

Om statsråden vil ta initiativ til ei vurdering av forlenging av Jobergtunnelen langs Granvinsvatnet, med bakgrunn i at 200 meter av riksveg 13 mellom Granvin og Voss, ei av hovudferdselsårene for indre Hordaland, raste ut i vatnet

Datert: 19.05.2016
Svart på: 25.05.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): 200 meter av riksveg 13 mellom Granvin og Voss raste ut i vatnet onsdag 27. april. Vegen er ei av hovudferdselsårene for indre Hordaland, og blant dei viktigaste aust-vest-sambanda mellom dei to største byane i Norge. Lokalt er det no eit stort ynskje om å få vurdert lang tunnel som permanent løysing langs Granvinsvatnet. I svar til Stortinget har regjeringa ikkje svara tydeleg på om forlenging av Jobergtunnelen vil verte vurdert som eit alternativ.
Vil statsråden ta initiativ til ei slik vurdering?


Les heile debatten