Spørjetimespørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Om kva statsråden meiner er dei viktigaste grepa ein kunne tatt for å sikre at betydeleg færre valdtektssaker blir henlagte

Datert: 19.05.2016
Svart på på vegner av: Justis- og beredskapsministeren
Svart på: 25.05.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Folk som blir utsette for valdtekt skal bli tatt på alvor, både i helsevesenet og rettsvesenet. Dessverre er det alt for mange saker som blir henlagt i dag.
Kva meiner statsråden er dei viktigaste grepa ein kunne tatt for å sikre at betydeleg færre valdtektssaker blir henlagte?


Les heile debatten