Munnleg spørsmål fra Terje Breivik (V) til statsministeren

Om kvifor ikkje regjeringa er med på ein ny gjennomgang av skattereglane for petroleumsverksemda, for å få meir kunnskap om og vurderingar av kva som er det ideelle skatteregimet for ei så viktig næring

Datert: 01.06.2016
Svart på: 01.06.2016 av statsminister Erna Solberg

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Dagens Næringsliv har dei siste dagane sett søkjelyset på delar av det norske petroleumsskattesystemet og utbetalingar frå statskassa i hundremillionarsklassen til oljeselskap som vert nedlagde eller går med underskot. Ordningane DN har skrive om, som dreier seg om leiterefusjonar, der alle oljeselskap, uavhengig av om ein tener pengar, får dekt 78 pst. av leitekostnadene, og opphøyrsrefusjonsordninga, der selskap som avsluttar verksemda på norsk sokkel med underskot, får utbetalt skatteverdien av udekte underskot, vart til som eit resultat av ein NOU rundt år 2000 og vart innførte tidleg på 2000-talet. Det var nok rett i si tid. Spørsmålet er om det framleis er det. Det er nok mange andre bransjar som kan tenkja seg ei ordning der staten dekkjer 78 pst. av kostnadene uavhengig av om ein tener pengar, og ei ordning med kontantutbetaling om ein avsluttar verksemda med underskot.
Venstre har ved fleire høve utfordra regjeringspartia og regjeringa på ein ny gjennomgang av skattereglane for petroleumsverksemda, ei ny NOU. Me meiner det er spesielt viktig når den finansielle risikoen knytt til oljeverksemd både er langt større no og utvilsamt vil auka dei neste ti åra. Kvifor vil ikkje regjeringa vera med på dette? Det kan ikkje vera slik at dagens regelverk er det 100 pst. ideelle når me ser resultata, slik DN har skrive om dei siste dagane. Og er ikkje alle tente med – som òg er spørsmål til statsministeren – meir kunnskap om og vurderingar av kva som er det ideelle skatteregimet for ei så viktig næring, sett opp mot rammevilkåra dei nødvendigvis vil møta dei neste ti åra?


Les heile debatten