Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om det bekymrar statsministeren at dersom budsjettforslaget som no ligg til grunn, blir vedtatt, vil det bli 600 færre lærarar på dei fire lågaste klassetrinna og 600 færre lærarar i ungdomsskulen

Datert: 12.10.2016
Svart på: 12.10.2016 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Eg har registrert at statsministeren og regjeringa den siste tida har løfta fram tidleg innsats i skulen. Det er Kristeleg Folkeparti glad for. Kristeleg Folkeparti har prioritert tidleg innsats. Me har fått gjennomslag for 1 700 fleire lærarar i 1., 2., 3. og 4. klasse. Det som er utfordringa, er at blir budsjettforslaget til regjeringa vedtatt utan endringar, vil 600 av desse forsvinne til neste år.

Utdanningsforbundet har sagt at fleire lærarar er den viktigaste saka for dei. Lærarar rundt om i heile landet peikar på at dei ikkje får nok tid til kvar enkelt elev. Me har i dag 37 000 elevar som får spesialundervising. Det er ikkje noko mål å kutte i spesialundervisinga, men det er eit mål å redusere behovet for spesialundervising. Me veit at lykkast me med å få fleire lærarar i skulen, er dette det mest målretta tiltaket for dei sårbare elevane. Ja, det er det tiltaket som treffer best dei som treng det mest i skulen. Det å få fleire lærarar gjer at me i enkelte klassar kan få to lærarar, eller me kan dele klassen.

Mitt spørsmål er: Bekymrar det statsministeren at dersom dette budsjettforslaget som no ligg til grunn, blir vedtatt, vil det bli 600 færre lærarar på dei fire lågaste klassetrinna? Det vil òg bli 600 færre lærarar i ungdomsskulen. Utfordringa til statsministeren er: Korleis rimar dette når regjeringa sjølv peikar på nettopp kor viktig det er med tidleg innsats?


Les heile debatten