Munnleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til statsministeren

Om kva statsministeren sjølv synest om si eiga gjennomføringskraft, med bakgrunn i at politiet truleg ikkje får helikopter før i 2019 og at det fortsatt ikkje finst ein heilskapleg plan for regionale trenings- og beredskapssenter

Datert: 12.10.2016
Svart på: 12.10.2016 av statsminister Erna Solberg

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Denne regjeringa gjekk til val på å snakka om gjennomføringskraft, og etter tre år er ein del av biletet dette: Det som vart framstilt som eit heilt unikt, spesielt og viktig beredskapselement på Statsministerens kontor, har vorte redusert til eit sekretariat for regjeringas sikkerheitsutval. Forsvar og politi klarer ikkje å samarbeida i spørsmålet om maritim kontraterror. Politiet skal få helikopter, men truleg ikkje før i 2019, altså seks år etter at Erna Solberg overtok.

Det finst fortsatt ikkje ein heilskapleg plan for regionale trenings- og beredskapssenter, sånn at ein får opp kompetansen i alle delar av landet. Nasjonalt beredskapssenter for politiet – dette er ikkje i nærleiken av å vera klart. Når det gjeld dette siste, har statsministeren og regjeringa forkasta Alnabru som lokalisering – trass i regjeringa sjølv hausten 2014 annonserte i sine budsjettdokument at «gjeldende byggeprogram kan innpasses på Alnabru».

No greier dei likevel ut Grønmo og Taraldrud, og eg er ikkje lenger så oppteken av kor ein byggjer dette nasjonale beredskapssenteret, så lenge det berre vert bygd og ein faktisk klarer å oppretthalda ei anstendig framdrift. No er løftet i budsjettet at det skal koma ei avklaring om stad denne hausten, noko som betyr at pengar til bygging truleg ikkje vil finnast før tidlegast etter valet i 2017.

Spørsmålet mitt er: Kva synest statsministeren sjølv om si eiga gjennomføringskraft?


Les heile debatten