Spørjetimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om kva regjeringa vil gjere konkret for å løyse opp i tillitskrisa som sjukehusstreiken er eit resultat av

Datert: 13.10.2016
Svart på: 19.10.2016 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Sjukehusstreiken blir av fleire omtalt som ei total tillitskrise. Tvungen lønsnemnd løyser ikkje dette grunnleggande problemet. Strid og konflikt påverkar arbeidsmiljøet og er ein trussel for pasienttryggleiken ved sjukehusa våre. Helsedirektoratet har i ein nyleg nasjonal undersøking påvist dårlege samarbeidsklima ved svært mange norske sjukehus og sjukehusavdelingar. Det trengs derfor handling.
Kva vil regjeringa gjere konkret for å løyse opp i tillitskrisa som konflikten er eit resultat av?


Les heile debatten