Munnleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Om kvifor det er så viktig for næringsministeren å byggja ned norsk romfartsnæring

Datert: 26.10.2016
Svart på: 26.10.2016 av næringsminister Monica Mæland

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Eg har eit spørsmål til næringsministeren.
Regjeringa sin næringspolitikk er først og fremst ikkje å ha ein næringspolitikk. Ordningar som er retta inn mot enkeltnæringar, vert systematisk kutta, næringspolitikken skal nøytraliserast.
Noreg har ein betydeleg industri og forsking knytt til romfart og romverksemd. Dette er framtidsretta høgteknologiske arbeidsplassar. Romindustrien omset for 7 mrd. kr i året. Noreg har eit godt utgangspunkt for å utvikla dette vidare.
For å utløysa vekst er det to ting som er viktig, bl.a. bidreg Noreg til dei frivillige programma i den europeiske romfartsorganisasjonen ESA. Dette gjev norske bedrifter, norsk industri, kontraktar og oppdrag. Næringsministeren sitt svar til industrien er å føreslå eit kutt på 70 pst. i Noregs deltaking i programma.
Det andre tiltaket er nasjonale følgjemidlar. Dei er avgjerande for at norsk romfartsindustri kan delta i den internasjonale konkurransen. Næringsministeren sitt svar er å føreslå å kutta 40 pst. i desse midlane til neste år.
Det er slik at for kvar krone staten puttar inn, får industrien 5 kr i retur. Ein slik politikk for å byggja norsk industri og kompetanse liker Senterpartiet. Det gjer tydelegvis ikkje Høgre og Framstegspartiet. For det er ikkje tvil: Med opne auge legg regjeringa ned lønsame høgteknologiske arbeidsplassar i Noreg. Det kan vera i Nammo, i Kongsberg Gruppen eller i ei rekkje bedrifter rundt om i landet.
Mitt spørsmål til næringsministeren er: Kan næringsministeren forklara kvifor det er så viktig for ho å byggja ned norsk romfartsnæring?


Les heile debatten