Munnleg spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til fiskeriministeren

Om kva statsråden gjer for at dei to prinsippa allemannseiget og haustingsretten blir følgde og vidareførte i forvaltinga av havet

Datert: 26.10.2016
Svart på: 26.10.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Vi er eit havfolk. Det var ressursane i havet som trekte folk hit for 20 000 år sidan. Det var ressursane i havet som bygde landet, som skapte moglegheiter og velferd for alle. Uansett korleis framtida til Noreg blir, kjem havet til å stå i sentrum.
To prinsipp har stått sentralt i forvaltinga av havet. Det første er allmenningen, at ingen eig havet, det skal eigast i fellesskap. Det andre er haustingsretten, at nærleik til ressursane i havet gir rett til å hauste av det. Dette inneber at ingen privatperson kan eige retten til å hauste av havet, og at ingen langt borte frå kan nekte folk på yttersida av Senja å hauste av havet som ligg rett utanfor stuevindauga deira. Desse prinsippa har vore avgjerande for norsk vekst og velstand gjennom tusenvis av år. Det har vore viktig når aktørar utanfrå har forsøkt å skaffe kontroll over våre ressursar. Det har vore viktig når Noreg har hevda suverenitet over våre enorme havområde, og det har sikra rettferdig fordeling av ressursane, der ingen enkeltpersonar eller selskap har gjort seg rike på andre sin kostnad, det har kome havfolket og fellesskapet til gode.
I dag er desse prinsippa nedfelte i havressursloven og deltakarloven, men vi kan trekkje ein lang tradisjon heilt tilbake frå Magnus Lagabøte si lovgiving til i dag. Likevel blir prinsippa utfordra, både allemannseiget og haustingsretten. Så mitt spørsmål går til fiskeriminister Sandberg: Kva gjer statsråden for at desse prinsippa blir følgde og vidareførte?


Les heile debatten