Munnleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Om det er sånn at verneinteressene i ulvesaka har vunne den interne kampen i regjeringa, og at landbruksministeren har tapt

Datert: 18.01.2017
Svart på: 18.01.2017 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Mitt spørsmål går til landbruksministeren.

Ulvesaka handlar om folk sin tryggleik i kvardagen. Ulvesaka handlar om folk si moglegheit til å bruka naturressursane for å skapa verdiar og arbeidsplassar, bl.a. ved å la dyra bruka beiteressursane.
Men ulvesaka handlar òg om ei sak der folk rundt om i landet no reiser seg i protest mot det dei opplever som eit samrøre av byråkrati, juridisk ordkløyving, lakksko, statsarroganse og den manglande respekten regjeringa har for Stortingets ulvevedtak. Det gjekk så langt at stortingsrepresentantar frå regjeringspartia, Høgre og Framstegspartiet, denne vinteren har demonstrert mot si eiga regjering på plenen framfor Stortinget. President, det var mykje bra folk på plenen den dagen!
Saka handlar om dei vedtaka Stortinget har gjort for å følgja opp den todelte målsetjinga: Skal dei verta følgd av regjeringa, eller ikkje? Det vil seia å ha rom for både rovdyr og beitedyr.
I går gav regjeringa, ved klima- og miljøvernministeren, si utgreiing til Stortinget. Det var lite konkret. Det var tolv punkt, men det var tolv punkt som ikkje gav nokon teikn på at regjeringa ville følgja opp stortingsvedtaket. Så mitt spørsmål til statsråd Dale er: Er det sånn at verneinteressene har vunne den interne kampen i regjeringa, og at landbruksministeren har tapt?


Les heile debatten