Munnleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Om justisministeren, som Arbeidarpartiet, er budd på å ta dei politiske initiativa som trengst for å stoppa at paragrafen om «berettiget harme» vert brukt i partnarvaldssaker

Datert: 08.03.2017
Svart på: 08.03.2017 av justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Spørsmålet mitt går til justisministeren.

For få dagar sidan fall det ein dom i Stavanger tingrett. Ein mann hadde banka opp kona si etter å ha funne bilde på mobilen hennar som viste at ho hadde vore utru. Domstolen gav han ein mildare dom enn det han elles ville fått, ved å visa til straffelova § 80 bokstav e fyrste ledd om såkalla «berettiget harme». Ei tilsvarande sak kjenner me frå tingretten i Kristiansand i fjor. Ei gravid kvinne vart slått, sparka og påført kutt på kroppen, men fordi valdsmannen nettopp hadde fått veta at ho – som då var kjærasten hans – hadde vore saman med ein annan mann, fekk han mildare straff.

Domstolen behandlar enkeltsaker. Det gjer ikkje me, så heller ikkje utfallet i desse sakene tek me stilling til. Men me er lovgjevarar, me bestemmer prinsippa som folk vert dømde etter. Vald i nære relasjonar er eit viktig tema for oss i Arbeidarpartiet. Me registrerer òg at riksadvokaten har prioritert dette, og det er me glade for.

Samtidig ser me at det er heilt nødvendig å bruka denne dagen – 8. mars, kvinnedagen, i 2017 – til å stadfesta: Det finst ikkje «berettiget harme» i ein partnarrelasjon. Det finst ikkje noko raseri som gjer det greitt å banka kona si. Viss rettspraksis utviklar seg i motsett retning, er Arbeidarpartiet budd på å ta dei politiske initiativa som trengst for å stoppa at paragrafen om «berettiget harme» vert brukt i partnarvaldssaker. Spørsmålet mitt er: Er justisministeren budd på å gjera det same?


Les heile debatten