Munnleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til statsministeren

Om statsministeren sjølv vil arbeida for tidlegare oppstart av prosjektet Arna-Stanghelle, eller om einigheita mellom regjeringa og samarbeidspartia om oppstart fyrst i 2024 ligg fast

Datert: 22.03.2017
Svart på: 22.03.2017 av statsminister Erna Solberg

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Regjeringa, med Venstre og Kristeleg Folkeparti, har i vekevis reist rundt med lekkasjar frå den komande stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan. Så langt har lekkasjane reist fleire spørsmål enn svar og mange har vorte litt skuffa. Tidenes jernbanesatsing viste seg å innehalde lite nytt, men desto fleire utsetjingar: Ringeriksbanen er utsett, InterCity-strekningane er utsette, Trønderbanen er utsett, Arna–Stanghelle er utsett.

Ifølge statsministeren er prosjektet Arna–Stanghelle prioritert i NTP. På Arna stasjon skal statsministeren ha sagt at «utviklingen har trykket dette prosjektet fremover i køen på grunn av rasfare og alvorlige ulykker på vegen». Sanninga er at prosjektet har kome lenger bak i køen. Transportetatane føreslo oppstart i 2021. No er prosjektet utsett til 2024. Denne utsetjinga har vekt sterke reaksjonar. Det forstår eg godt. Eg er frå fylket sjølv og får mange innspel frå folk som jamleg trafikkerer strekninga, både med tog og på vei.

Så har regjeringa i sine pressekonferansar skrytt av å ha inngått avtale med Venstre og Kristeleg Folkeparti om Nasjonal transportplan. Men den 19. mars kan me lesa i Bergens Tidende at Kristeleg Folkeparti sin leiar, Knut Arild Hareide, og Venstre sin nestleiar, Terje Breivik, begge understreker at Nasjonal transportplan ikkje er behandla i Stortinget, og at håpet om å framskunda prosjektet ikkje er ute.

Igjen opplever me at denne regjeringa bidreg til at det vert skapt forvirring og usikkerheit om viktige spørsmål. Mitt spørsmål til statsministeren er derfor om ho også sjølv vil arbeida for tidlegare oppstart av prosjektet Arna–Stanghelle, eller om einigheita mellom regjeringa og samarbeidspartia om oppstart fyrst i 2024 ligg fast?


Les heile debatten