Spørjetimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Datert: 30.03.2017
Spørsmålet er trekt tilbake

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Administrerande direktør i Helse Vest har tilrådd styret i styremøte den 4. april 2017 å slutte seg til forslaget frå Helse Fonna om at akuttkirurgisk verksemd ved Odda sjukehus vert avvikla. Odda sjukehus vert vidareført som akuttsjukehus med akuttfunksjon i indremedisin, radiologiske tenester, laboratorietenester, planlagd kirurgi, anestesilege i døgnvakt og skadepoliklinikk.
Vil statsråden gripe inn og sikre akuttkirurgisk verksemd i Odda dersom styret gjer eit slikt vedtak?


Les heile debatten