Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om statsministeren, i etterkant av NATOs toppmøte, meiner at det er ei større usikkerheit om USA står ved NATO-forpliktingane i same grad som tidlegare

Datert: 31.05.2017
Svart på: 31.05.2017 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): USAs president, Donald Trump, har nyleg besøkt bl.a. Saudi-Arabia, G7-møtet og NATOs toppmøte. Presidentens utsegner undervegs har ei tydeleg adresse òg til heimepublikumet, noko som ikkje er nytt. Det som derimot er nytt, er den betydelege usikkerheita som er skapt hos NATO-allierte, frihandelspartnerar, klimapolitikarar og i menneskerettsmiljø.

Det er skapt usikkerheit i mange land med ein open økonomi som framleis har stor interesse av frihandel. Kan vi forvente meir proteksjonisme? Det er skapt usikkerheit blant klimapolitikarar. USAs president har enno ikkje avklart om den nye administrasjonen vil vrake Parisavtalen. Det er skapt usikkerheit i menneskerettsmiljø. USAs president prioriterer å besøkje Saudi-Arabia og eit gigantisk våpensal til landet. Det var fokusert mykje på militær opprusting, men lite på demokrati og menneskerettar.

Statsminister Erna Solberg var sjølv til stades på NATO-toppmøtet. Der unnlét president Trump å stadfeste USAs forplikting på artikkel 5 i NATO-pakta om gjensidig hjelp – eller prinsippet om ein for alle, alle for ein.

Kanslar Merkel og utanriksminister Gabriel i Tyskland tok det som eit dårleg signal. Tida då vi fullt og heilt kunne stole på andre, er til ein viss grad forbi, det er det eg har erfart dei siste dagane, sa kanslar Merkel søndag.

Mitt spørsmål er derfor: Med dei atterhald Angela Merkel sjølv vektlegg, er statsministeren einig i det kanslaren seier, og deler statsministeren Merkels vurdering? Meiner statsministeren at det i etterkant av NATOs toppmøte er ei større usikkerheit om USA står ved NATO-forpliktingane i same grad som tidlegare?


Les heile debatten