Munnleg spørsmål fra Solfrid Lerbrekk (SV) til arbeids- og sosialministeren

Om å sørgja for at det italienske oljeselskapet Eni tettar sikkerheitsavvika om bord på Goliat-plattforma som Petroleumstilsynet påpeiker, ikkje berre på papiret, men òg i verkelegheita, med bakgrunn i at feil og manglar på plattforma vart oppdaga allereie i 2015

Datert: 08.11.2017
Svart på: 08.11.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Solfrid Lerbrekk (SV)

Spørsmål

Solfrid Lerbrekk (SV): Eg vil gjerne stilla eit spørsmål til arbeidsministeren.

Sikkerheita på ein oljeplattform kan ikkje takast lett på. Slurv kan føra til store ulykker, tap av menneskeliv og alvorlege miljøskader.

Petroleumstilsynet gjennomførte i september tilsyn med sikkerheita om bord på Goliat-plattforma. Måndag i denne veka låg rapporten føre. Den er knusande lesnad for det italienske oljeselskapet som opererer den første plattforma i Barentshavet. Blant anna kjem det fram at feil og manglar på plattforma vart oppdaga allereie i 2015, og at selskapet hevda at dette blei fiksa opp i. Det viser seg ikkje å stemma. Feila skal ifølgje Petroleumstilsynet ha vorte retta opp på papiret, men ikkje i verkelegheita.

Sikkerheita på plattformene er avgjerande for dei som jobbar der. Kva vil arbeidsministeren gjera for å sørgja for at Eni tettar sikkerheitsavvika som Petroleumstilsynet påpeiker, ikkje berre på papiret, men òg i verkelegheita?


Les heile debatten