Munnleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Om at regjeringspartia no går inn for å leggja ned pelsdyrnæringa, og kva det er som har gjort at Framstegspartiet og Høgre på eitt år har skifta meining i denne saka

Datert: 17.01.2018
Svart på: 17.01.2018 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Spørsmålet mitt går til landbruksministeren.
«Forutsigbarhet» og «forutsigbare rammevilkår» er ord som regjeringa ofte strør om seg med når ein snakkar om næringspolitikk. Det gjeld openbert ikkje for landbruksnæringa. Me har ei regjeringsplattform der dei såkalla næringsliberale partia no går inn for å innføra eit næringsforbod. Ein vil altså leggja ned ei lønsam næring i Noreg, ein vil leggja ned pelsdyrnæringa.
Stortinget har hatt ein brei prosess rundt pelsdyrnæringa, med offentleg utgreiing, stortingsmelding, høyring og debatt, og landa på, for eitt år sidan, med støtte frå Høgre og Framstegspartiet, at ein ville ha ei berekraftig utvikling for pelsdyrnæringa, og at ein ville skjerpa krava til dyrevelferd. Norsk pelsdyrnæring skulle ha verdas beste dyrevelferd.
No har ein snudd opp ned på dette. No vil ein altså leggja ned ei næring som bidreg med hundrevis av millionar i eksportinntekter, som sysselset eit par hundre familiar i Norge, og som er ei viktig distriktsnæring.
Senterpartiet har sagt at dei tre partia får fram det verste i kvarandre. Denne saka viser det. Det rammar bygdene, og det rammer norsk landbruk – det er i Framstegspartiet si and. Det er symbolpolitikk som påfører folk skade, men som ikkje verkar – det er i Venstre si and. Og Høgre-folka skal altså framleis få lov til å kjøpa pelskåpene sine i konfeksjonsbutikkar rundt om i landet, for omsetning av dette produktet skal vera fullt ut lovleg i Noreg.
Så mitt spørsmål er: Kva er det som har gjort at Framstegspartiet no går inn for eit næringsforbod, og at landbruksministeren, Framstegspartiet og Høgre på eitt år har skifta meining i denne saka?


Les heile debatten