Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til kunnskaps- og integreringsministeren

Om den nye kunnskapsministeren synes at seksårsreforma har vore vellukka, med bakgrunn i at det er 20 år sidan dei første seksåringane gjekk inn i norsk skule og at me i dag ser at det er mange som slit på skulen

Datert: 28.02.2018
Svart på: 28.02.2018 av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Spørsmålet mitt går til kunnskapsministeren, som nå har sete utolmodig.
Akkurat nå er det 20 år sidan dei første seksåringane gjekk inn i norsk skule. Vi feirar altså 20-årsjubileum for seksårsreforma. Spørsmålet er kva resultat den skulereforma har gitt.
Målet var altså å sikre ei sosial utjamning ved at fleire barn kom seg gjennom skulegangen, og med betre resultat. Det skulle nettopp tidlig skulestart gi, fordi det var obligatorisk, noko som barnehage ikkje er.
Så ser me i dag at det er mange som slit på skulen. Fråfallet i vidaregåande opplæring er høgt. Talet på ADHD-diagnosar stig, og barn og unge slit med følelsen av ikkje å nå opp til krav og forventingar som er både i skulen og utanfor. I tillegg har ein SSB-studie konkludert med at effekten av seksårsreforma ser ut til å vere liten, både når det gjeld karakterar på ungdomsskulen, gjennomføring av vidaregåande, og i kva grad elevane vel yrkesfag eller allmennfag.
Me veit jo at det var ei kostnadssparande reform. Det var billegare å ha seksåringane i skulen enn i barnehagen. Men tanken bak denne reforma var jo å ta det beste frå barnehagen og det beste frå skulen og få det første året til verkeleg å bli eit år med leik og læring i positiv utfalding. Sånn ser det ikkje ut til å ha blitt.
Spørsmålet mitt til statsråden er: Synest den nye kunnskapsministeren at seksårsreforma har vore vellukka?


Les heile debatten