Munnleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Om statsråden vil føreta ei fornya vurdering av konkurranseulempene som Color Line har med å vera eit reiarlag registrert i Norsk Ordinært Skipsregister

Datert: 09.05.2018
Svart på: 09.05.2018 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Mitt spørsmål går til næringsministeren.
Norske sjøfolk er grunnmuren i den maritime næringa i Noreg. I ein slik situasjon er det eit paradoks at næringsministeren og regjeringa no jobbar for å endra regelverket for at Color Line skal få lov til å byta ut minst 685 av sine norske sjøfolk på Kiel-ferja med utanlandsk arbeidskraft. Det skal skje ved at ein opnar for at ein kan flytta skipa frå Norsk Ordinært Skipsregister til Norsk Internasjonalt Skipsregister.
Når me utfordrar statsråden, vert me møtte med at dette følgjer av Fartsområdeutvalet som leverte rapporten sin i 2014, som viser at det norske skipsregisteret ikkje er konkurransedyktig. Sidan den tida har det skjedd mykje. Kronekursen for danske kroner har endra seg. Stortinget har betra ordningane, og i dag seier Fjord Line at dei meiner det er betre vilkår i det norske registeret enn i det danske registeret, som eg antek er det statsråden fryktar at Color Line skal byta til. Fjord Line er heilt tydeleg på dette, at det norske skipsregisteret er konkurransedyktig.
Det er jo veldig spesielt at i ei så alvorleg sak vert me berre blankt viste til fire år gamle tal frå Fartsområdeutvalet. Dei vert lagde på borde, dei vert ikkje kvalitetssikra eller avviste i det heile. Mitt spørsmål er: Vil statsråden føreta ei fornya vurdering av konkurranseulempene som Color Line har med å vera eit reiarlag registrert i Norsk Ordinært Skipsregister?


Les heile debatten