Munnleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Om forsvarsministeren meiner at det er forsvarleg at Noreg, eit land med våre avstandar, skal kutte i helikopter til den norske hæren, medan andre land ser på helikopteret som ein heilt naudsynt ressurs i sitt forsvar

Datert: 23.05.2018
Svart på: 23.05.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Mitt spørsmål går til forsvarsministeren.
Som eg nemnde i eit tidlegare oppfølgingsspørsmål, var utanriks- og forsvarskomiteen på komitéreise i indre Troms sist veke. Der fekk me m.a. informasjon om kvifor Hæren er heilt avhengig av å ha dedikerte helikopter for å fungere. Det vart nytta uttrykk som at helikopter til Hæren er ein avgjerande ressurs, ein styrkemultiplikator som ikkje kan unnverast. Og det er nokre viktige årsaker til det. Ein treng m.a. setje ut sensorar for å finne ut kvar fienden er. Ein treng å transportere inn styrkar som kan slå ut fienden sine sensorar. Ein treng MEDEVAK, altså medisinsk evakuering, som opprettheld motivasjon, moral og vilje til å slåss. Ein treng forsyningar til fremre linje, det gjeld ammunisjon, det gjeld mat, osv. Det gjeld grensestyrkar og helikopter til flytting, særleg vår og haust, når ein ikkje kan bruke verken snøskuter eller firhjuling eller kva ein elles måtte bruke når det er snøføre.
Kompetansen må òg sikrast i nord, for me har US Marine som er i Noreg for å trene. Dei skal òg trenast i å fly i dette klimaet og i denne topografien. Vi veit at 91 ikkje er noko alternativ, slik enkelte hevda under handsaminga av landmaktproposisjonen. Om Hæren skulle bruke det, ville det òg, ifølgje opplysningar me fekk, femdoble kostnadene per flytime.
Det var eit kollektivt vonbrot for Hæren då revidert nasjonalbudsjett vart lagt fram sist veke. Ei av årsakene til det er nettopp at behovet for helikopterstøtte til Hæren ikkje er teke på alvor av forsvarsministeren. Me veit at ein treng det. Difor er spørsmålet: Meiner forsvarsministeren at det er forsvarleg at Noreg, eit land med våre avstandar, skal kutte i helikopter til den norske hæren, medan andre land ser på helikopteret som ein heilt naudsynt ressurs i sitt forsvar?


Les heile debatten