Spørjetimespørsmål fra Ivar Odnes (Sp) til samferdselsministeren

Om statsråden vil ta initiativ til å betre vilkåra for ekspressbusstilbodet i Noreg, med bakgrunn i at Lavprisekspressen mellom Trondheim og Oslo er lagt ned

Datert: 24.05.2018
Svart på: 30.05.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Ivar Odnes (Sp)

Spørsmål

Ivar Odnes (Sp): Ekspressbusstilbodet i Noreg er under press, då konkurransevilkåra er krevjande. Ein konsekvens av dette er at Lavprisekspressen mellom Trondheim og Oslo er lagt ned. Selskapa får ikkje kompensert for sosiale rabattar slik som andre kollektivtilbod får, i tillegg stig avgiftene på drivstoff, og ein har høge kostnader knytte til tilgang til kollektivknutepunkt. Mange stader er ekspressbussen det viktigaste kollektivtilbodet.
Vil statsråden ta initiativ til å betre vilkåra for dette viktige kollektivtilbodet?


Les heile debatten