Munnleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helseministeren

Om kva regjeringa gjer for å hindra at finansieringsordninga til legar fører til overbehandling og feilbehandling, og kva regjeringa vil gjera for å bøta på den manglande kontrollen med pengebruken

Datert: 22.05.2019
Svart på: 22.05.2019 av helseminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Mitt spørsmål går til helseministeren.

Over heile landet vert det i desse dagar planlagt kutt i viktige pasienttilbod i helsevesenet, som i Møre og Romsdal. Fødeavdelingar skal leggjast ned, det skal kuttast i liggjetid, ambulansar og rehabiliteringstilbod forsvinn for at helseføretaket skal spara pengar. Samtidig viser ein dokumentar på NRK, i Brennpunkt, at helsevesenet brukar store ressursar på behandlingar som i beste fall er unødvendige, og som i verste fall er skadelege. Undersøkingar som Legeforeningen har gjort, viser at ni av ti legar meiner at det føregår overbehandling og overdiagnostisering i norsk helsevesen. Dette er eit veldig stort problem, både for pasientsikkerheita og for rettferdig prioritering av helseressursane våre. Måten helsevesenet er finansiert på, med stykkpris og takstar, er ein sterk drivar for nettopp dette med overdiagnostisering og overbehandling.

Ifølgje NRK fekk ein barnelege i Arendal 14 mill. kr i refusjon i fjor, og NRK har dokumentert at denne avtalespesialisten har utført astmatestar, gjeve allergivaksinar og føreskrive astmalegemiddel til barn som ikkje treng det. At det er NRK som må dokumentera og setja søkjelyset på slike saker, vitnar om at tilsynsmyndigheitene og helseføretaka ikkje har kontroll.

Overbehandling kostar det norske samfunnet dyrt, og det er pengar det er stort behov for elles i helsetenesta, men det viktigaste er at det er til skade for norske pasientar.

Norheim-utvalet meinte at det er behov for meir kunnskap om finansieringsordningane – om dei påverkar spesialistar og allmennlegar i deira tilvisingspraksis og prioritering. Dette er noko som regjeringa ikkje har følgt opp.

Spørsmålet er kva regjeringa gjer for å hindra at finansieringsordninga fører til overbehandling og feilbehandling, og kva regjeringa vil gjera for å bøta på den manglande kontrollen med pengebruken.


Les heile debatten