Munnleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Om avviklinga av pelsdyrnæringa, og om statsråd Bollestad er fornøgd med kompensasjonsordninga som er lagt fram, eller om statsråden ser at ho er i ferd med å knusa den økonomiske framtida til uskyldige familiar rundt om i landet

Datert: 23.10.2019
Svart på: 23.10.2019 av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget før sommaren eit forbod mot pelsdyrnæringa i Noreg. Dette er i strid med næringsfridomen. Dette utfordrar den private eigedomsretten. Dette er aktiv utflytting av arbeidsplassar frå Noreg.

Senterpartiet skal ikkje leggja skulda for sjølve avviklinga på Kristeleg Folkeparti. Ansvaret for næringsforbodet ligg mest på Høgre, Framstegspartiet og Venstre. Det landbruksministeren derimot ikkje kjem vekk frå, er ansvaret for kompensasjonsordninga til bøndene som har vorte ramma.

Statsråd Vervik Bollestad har hatt eit forslag på høyring. Fasiten etter høyringa om kompensasjonsordninga er klar: Ordninga vil føra til økonomisk ruin for mange av dei nær 200 familiane som vert ramma. Ordninga er så svak at ho vil knusa den økonomiske framtida til mange familiar. Folk er redde, folk vert sjuke, og folk ligg søvnlause. Eg forstår det godt, for det forslaget til kompensasjonsordning som er lagt fram, er ei oppskrift på økonomisk ruin.

Det grunnleggjande problemet er at statsråden ikkje tek utgangspunkt i at dei bøndene som vert ramma, skal få erstatta det økonomiske tapet dei lir. Statsråd Bollestad tek utgangspunkt i den bokførte verdien til pelsdyranlegga – bokført verdi på anlegg som reelt sett har millionverdiar i marknadsverdi, mens den bokførte verdien kan liggja på rundt 10 000 kr eller 100 000 kr. Det vanlege i Noreg er at folk får erstatta det fulle tapet når staten kjem og tek noko frå dei. Slik er det openbert ikkje i denne saka. Oppsparte verdiar gjennom generasjonar går tapt, folk kjem til å sitja igjen med milliongjeld, og fleire vil truleg gå konkurs.

Er statsråd Bollestad fornøgd med den kompensasjonsordninga som er lagt fram, eller ser statsråden at ho er i ferd med å knusa den økonomiske framtida til uskyldige familiar rundt om i landet?


Les heile debatten